Nedenfor er det beskrevet stier og veier i området vårt. Sammen med grunneierlaget og historielaget ønsker vi i fellesskap å lage sommerkart og jobbe for å ta vare på gamle stier og stedsnavn. Dette arbeidet ble drøftet på møte med grunneierlaget. Grunneierlaget har vært i kontakt med Valdres Kulturpark for bistand til å få lagt inn GPS-merking i en egen «app». Hyttevellet vil invitere til «stidugnad» til sommeren. Om noen vil finne fram på egen hånd så ta med en liten sag o.l. rydd litt på din vei.

Stigar og vegar i Liagrenda og på Liaåsen, Nord-Aurdal

 

1.Fjellskardet:

Gå forbi Brennahaugen/Bergeisseteré og i enden av Tørgrimstølvegen, ved øvste hytta finn du god stig til fjells. Ovom 1000-meter’n går du gjennom Fjellskardet og nedatt forbi eit av Kelvetjedna, vidare til Makalaus

2. Grønekinndal’n:

Finn stigen bakom Fetsetra og gå på venstre dalsida opp på «Store myré». Fylg venstre myrkanten og du kjem inn på stigen til Makalaus

3. Dekkatn:

Frå Ørmekula og opp i venstre myrkant i Dekko, fram på myra nedom Flystøtta der du kjem innpå stigen frå Søre Liaåsen, og du kan fylgje stigen til Makalaus

4. Nye – seter-stigen: 

Frå Nye setern på god stig fram på myra nedanfor Flyulykka/Flystøtta. Vidare opp til flystøtta.

5. Møllbakkstigen: 

Frå Ørmekula opp til Nye seter’n. Ta litt til venstre, bortover på god stig i austleg retning, over Møllbakkin og ned att på Liastølen på Sørre Liaåsen.

6. Liastølstigen:

Frå Nye Seter’n går stigen bratt oppover, og du er fort oppi snaufjellet. Her kan du få ein fin tur med god utsikt! Den høgste høgda her heiter Høgtoppen. Hald fram til du kjem til stigen Søre Liaåsen – Makalaus.

7. Lokkarbakkstigen:

God stig opp frå Søreistølatn ved Dyrlegerhytta, i svingen ovanfor Rolehau. Gå over haugen og forbi Lokkarbakk-hytta. På andre sida av bekken tek du til venstre og kjem fort innpå Skålebakkstigen, eller du kan halde rett fram etter kryssing av bekken, og koma ned på Ørmekulvegen.

8. Sletteli-stigen: 

Frå Dokkeslette og ned langs vøllgard’n nedåt ein skogsveg. Den går du til endes og finn ei lei over Meinsetelvé. På andre sida finn du stien som går i Sletteli’n mog Myrestølen. Her går du opp Myrestølvegen til Liaåsvegen. Denne stigen er del av den gamle Prestvegen mellom Aurdal og Reinli. Når presten/prosten brukte denne leia, for/reid han ned i Synnvøll, opp Skardsbakkatn og innover forbi Bakomberg til Skålebakkatn. Vidare ned på Øvre Slettestigen, over på Sletteli-stigen. Frå Myrestølen gjekk leia vidare ganske rett i mot Nystølen/Gjestvangsetra, opp forbi Rustehaugen og ut på Stigen til Gamlestølen og Gullringbekken. (Sjå tavle med sagn her) Uti her gjekk leia ned til Reinli stavkyrkje.

9. Rishøvdstigen: 

Frå nørdre Haraldstølen forbi ei hytte i myrkanten og du finn stigen mot Maurset. Ved Rishøvdtjednet tek du til høgre og opp på Rishøvda.

10. Knutsfetstigen:

Ta av til venstre frå Dusandisvegen, mot Knutsfetitn. God stig forbi Knutsfettjednet og du er snart oppå Knutsfeto. Her kan du ta til venstre opp mot Rishøvda, eller gå ned på Nyset.

11. Skulemeisterstigen:

Ta av frå Rishøvdstigen synnom Skulemeisterfetn og gå mot Jartrudtjednet. På sørre sida av tjednet finn du god stig i retning Makalaus. (usikker på stigen vidare her.)

12. Langevasstigen:

Frå Nørdre Haraldstølen til Jordes-Haralstølen, vidare til Dusandisvegen, og gå den til endes. Der ifrå til Trettestølen og over høgda til Grøne Bakkin og Søre Tørkjelstølen.

13. Tørkjelstølsvegen 

er ei gamal veglei mellom Nørre- og Sørre Tørkjelstølen. Du kan gå frå den vesle putten nedst i vøllen på Sørre Tørkjelstølen, og følgje leia på vestsida bortover forbi Tørkjelstølstjednet, til du kjem på Nørre Tørkjelstølen

14. Nystølstigen 

tek av frå Tørkjelstølsvegen på høgda før du kjem ned til Tørkjelstølstjednet. Stigen går kvasst i vestleg retning mot Nystølen................og kjem ned forbi ei hytte ved Langevatnet. Her er det lagt klopper i myra, og det går fint å gå over til enden av Dusandisvegen

15. Øvre Slettestigen: 

Gå frå Dokkeslette og over haugen (stikkveg ned til Slettesetra) til Skålebakkvegen, ovanfor seterbua på Fuglehaugen, vidare ned i dal’n der du kjem inn på Bakombergstigen.

16. Tverrstigen/Beinstigen: 

Frå Dokkeslette går ein skogsveg oppover eit stykke, og den går over i god stig som kryssar Skålebakkmyrene. Komen fram på skogsvegen der, kan du koma inn på Skålebakkstigen.

17. Nørre- og Sørre Rennutn: 

Opp for Nørre Li’n/Bjørgo-Li’n er det merker etter ras, truleg etter Storofsen i 1789? Oppå to laviner er er/var det stig som folk brukte til og frå Liaåsen. Dei gamle tala om at det var ein så fin stein der dei kom opp. Her kunne ein seta seg og sekken fekk fin, naturleg plass den også. Desse stigane kjem opp omtrent i området der Tevassvegen flatar ut mot myrene i retning Otertjednet. Her gjekk dei vidare og kom etter kvart inn på Primbakkvegen.

18. Nørre bakkatn/haugabakkatn 

var frå gamalt beste vegen opp frå Liagrenda når du skulle på Liaåsen med lass. Den gjekk opp frå Nørre Knutshaugen og er godt brukbar også i dag. Før i tida var det ei gutu mellom jordene på sørre- og nørre Knutshaugen og vegen svingar seg opp her i frå. Du kjem på ein ny skogsveg som endar i Skjæringé, der du kryssar bekken. Vidare oppover i sørleg retning, over Reistedokké , under berga og opp på Veslestølen.

19. Primbakkvegen:

Frå Nørdre Liagrenden gjekk folk gjerne vidare på denne vegn, og den går i dag rett opp frå øvre svingen i Sagabakko, til Sørre Primbakkin-Nedre Primbakkin, tvers gjennom Kommodskuffut’n som ligg ovanfor Jehanaviké i Damtjednet, langs med nørdre (høgre) sida av Kjeringputten til Fuglhaugen. Her ifrå finn du god stig frå øvste hytta til Skålebakkatn og Sørre Tørkjellstølen. 

20. Bakombergvegen:

Frå Skålebakkvegen tek du til høgre eit par hundre meter ovom Myrset. Eit par hundre meter oppi dalen går vegen over i ein gamal skogsveg. Denne følgjer du opp til det flatar ut. Her kan du gå i øvre kanten av Bakombergmyratn fram til hytta der dei gamle seterhusa stod. Her kan du ta vestover og gå på ein skogsveg opp til Brennatjednet og vidare på stig fram til Søre Tørkjelstølen.

21. Skålebakkstigen: 

Frå Liatrøe eller Lundsmyrtrøe på Søreistølo, opp gjennom hyttefeltet, over Lokkarbakkmyratn og forbi Kaffekoken ved eit skogstjedn, til Skålebakkat’n. Her kan ein på god stig, også gå vidare mot Bakomberg. Stigen går like ovom bua på Skålebakko.

22. Haugalinna:

er gamle vegen nedover bygda i Liagrenda. Vegen går nedover norda Liabrué, gjennom Storsvingen og Lyshussvingen, over Kvisleflata, og du kjem inn på Rustøvegen.

23. Lykkjevegen: 

Gamle vegen på Liaåsen både frå Li’n (112/6) og Bergheim, og frå søre Liagrenden når dei hadde med seg krøter eller lass. Vegen tek opp norda Liabrué og følgjer i dag skogsvegen eit par hundre meter. Der denne vegen svingar nordover, går Lykkjevegen rett oppover. Heilt utpå kanten mot Liaelvé fortset du rett oppover og der det blir bratt att går du i sørleg retning og finn stigen opp i Liaåsvegen.