Til Liaåsen høyrer i dag tre seterlag, og dei blir kalla Heimdre-, Søre- og Vestre Liaåsen. Kjem du Liaåsvegen frå Liagrenda, over Dambrué ved Damtjednet kjem du snart opp i krysset ved Songevøllen. Tek du til høgre her kjem du fram på Heimdre Liaåsen, og ser Slettetjednet og Slette-setrit’n, som ligg oppe i lia. Her går vegen vidare opp dalen forbi husa på Skålebakko og heilt opp på Søre Tørkjelstølen. Det går stig vidare over høgda til Nørdre Tørkjelstølen, som er ei seter i drift. Det er Aud Sveen og Werner Odden som har mjølkekyr og nokre geiter her. Desse flotte Telemarkkyrne med dei fine horna, gjer eit godt arbeid for å halde kulturlandskapet i hevd nedpå Heimdre Liaåsen også.

Frå Slette går det ein veg forbi Kjeringputten, nordover skogen forbi oppkøyring til Bakomberg, forbi Nørdre Tørkjelstølen, forbi oppkøyringa til Nystølen og vidare fram til fylkesveg 262 frå Vestringsbygda. Denne vegen er ein kommunal veg som du køyrer på eige ansvar, og du treng nok ein bil som er høg oppunder.

Frå  Songevøllen kan du køyre rett fram og koma bortpå Søre Liaåsen. Her driv han Bjørn Trygve Dokken med mjølkekyr som også beiter på Rustehaugvøllen.  På Søre åsen ligg sætrene fint til  frå Slettetjednet og nesten opp i himmelsyn, med Høllatrøe øvst. Det er Brennahaugvegen som går over høgda her, forbi Ivarsputten og ned til Stavedalsvegen og Stavadalen.  Dette er óg ein innfartsveg til Liaåsen.

Liaåsvegen går vidare frå Brennahaugen på Søre Liaåsen,  over Hallit’n  til Vestre Liaåsen, - ofte også kalla Søreistølatn.  Fyrste vatnet heiter Ørmekula og du ser fint bortpå Søreistøltjednet også. Frå Heimdre váet går det veg/stig over att til Heimdre Liaåsen og Slettevegen. Dette er ein del av «Liaåsrunda»,- ein mykje brukt rundtur på føtene.

«Vestpå» som vi seier, finn vi mange gamle setrer men ingen er i drift. Her kan du gå på gode stigar til Makalaustoppen (1099 m o h), Rishøvda, Liastølfjellet, «Flyulykka» eller Flystøtta,  og det er elles mange fine turmål på Liaåsen. Dusandisvegen går inn til Langevatnet. Liaåsvegen endar på Haraldstølane og vest for dei ligg Mørkegonga,- eit mørkt lite vatn med noko skog inntil. Det er eit godt fiskevatn, og rimelege fiskekort får du kjøpt i bomkassa i Liagrenda. Med dette kortet kan du fiske med stang i Mørkegonga, Langevatnet, Søreistøltjednet, Ørmekula, Tørkjelstølstjednet, Slettetjednet, Kjeringputten,  Otertjednet,  Bjødnahøltjednet  og Damtjednet. Det er mange fine vatn på Liaåsen!

På Songevøllen står det ei tavle som fortel om Liaåsen sykkelstig. Har du sykkel er det mange mogelegheiter til turar på vegane og noko i terrenget også.

For nokre ti-år sidan var det mange setrer på kvart seterlag, der budeiene rådde grunnen om sommaren. Dei flytte på setra med buskapen ved St. Hans-tider og vart der gjerne ut september. Somme hadde med krøter for andre også, og dei ysta og kinna, og laga mykje god mat av mjølka.

Etter kvart vart mjølka frakta ned i bygda med traktor eller lastebil og levert til meieriet i Bagn. Slik fekk budeiene mykje betre tid og kunne vera med heime på garden i slåttonna. Somme hadde ungar som tok seg av krøterstellet, og somme fekk seg moped og kom seg på den måten til bygda og oppatt kvar dag. No i dag kjem mjølkebilen og hentar mjølka, og seterdrifta er heilt annleis.

I tillegg til Telemark-kyrne frå Nørdre Tørkjelstølen, er det i dag ein del sau som beitar i området. Det er bra for kulturlandskapet, og så er det så moro å sjå dei fine dyra!

 

Av Anne Marit Framnes